– Peik i staden på likskapen mellom nynorsk og bokmål, når du underviser i nynorsk, oppfordrar den nynorske ordlistesjefen, språkkonsulent Aud Søyland.
LEIRA I VALDRES: Eit overveldande fleirtal av dei som bur i fjell- og fjordlandet Noreg, har vrangførestillingar til nynorsk og samanliknar skriftspråket med fjøslatin. Blant kritikarane finn vi også norsklærarar (!), for ikkje å gløyme føresette, dei som har i oppgåve å motivere eigne barn for skolegang.
Er du ein av dei som kjenner på eit frykteleg sinne over at landet har to skriftspråk, og meiner at det tospråklege vedtaket frå 1885 bør skrotast, treng du ikkje lese meir. Ein lærer minimalt når ein er forbanna!
Skriv enkelt, bruk dialekta
På eit språkbruk i Valdres sit Aud Søyland ofte framfor pc-en sin. Her språkvaskar ho bøker andre har skrive, ved sidan av jobben som redaktør for Nynorsk ordliste. 63-åringen har jobba for Språkrådet tidlegare, og rådet hennar til elevane er å skrive enkelt. Ut med hovud- og klammeformer, og mindre valfridom. Det var overskrifta etter den siste nynorskrettskrivinga sommaren 2012 – ti år etter språkfreden senka seg over kongeriket.
Spørsmålet nok mange stiller seg i nynorskopplæringa, er om vi skal skrive skole eller skule? Ønske eller ynske? No eller nå? Lys eller ljos? Stue eller stove? For å ta eit utval ord med valfridom.
– Bruk det ordet som ligg nær dialekta der du bur, det du sjølv har i språket ditt. I Oslo-området er det mest naturleg å skrive skole. Eg er veldig imot å pugge særnynorske ord. Peik i staden på at det er mykje likt mellom dei to skriftspråka våre, seier Aud Søyland.
– heit innafor
Løyndom er eit eksempel på eitt særnynorsk ord. Heilt sidan 2000 har det vore tillate å bruke etterleddet –heit i nynorsk, for eksempel i eit ord som hemmeligheit. Ein må altså ikkje gjere det vanskeleg.
– I ordlista står verbet foregå på bokmål med to variantar: føregå og gå føre seg?
– Skriv føregå! Det andre blir kvasinynorsk, meiner ho.
Ingen har så langt fått bot for å skrive feil i nynorsk, men lenge skulle ein halde seg unna ord med ledda an-, be-, -het og -else, dersom ein ville skrive god nynorsk. I dag er det opna for mange slike ord, som angrep, beskjed, nyheit.
Ifølgje Søyland er -heit innafor.
– Ord med suffikset –heit er heilt gangbare i nynorsk i dag. Det vil seie at alle desse er godkjent. Det er rett å skrive både kjærleik og kjærligheit.
Faren din eller far din?
Men, gammal kjærleik rustar aldri, for i 2004 blei ordet kåra til Noregs vakraste i ei hovudstadsavis. Du kan også skrive nærheit for nærleik og tryggheit for tryggleik.
Frå det eiene til det andre. Etterstilt eigedomsord er typisk nynorsk. Eigedomsordet kjem etter den bestemte forma av substantivet: boka mi, sykkelen hans. Men kva er rett: Faren din eller far din, mora di eller mor di?
– Det er ikkje feil å skrive faren din, men i nære slektskapsord er det vanleg å skrive far din i nynorsk. Det har ein sterk tradisjon i mange dialekter, særleg på Vestlandet og i dalføra på Austlandet, forklarer Aud Søyland.
Er du på jakt etter jobb, må du skrive ein søknad. Søknad sluttar på dei tre bokstavane –nad, og da opnar reglane i nynorsk for valfridom i fleirtal. Du kan velje å skrive søknadar eller søknader.
Noreg – symbolet på nynorsk
– Ord med -nad-ending er alle hankjønnsord. Tradisjonelt hadde dei uregelrett bøying –er, -ene i fleirtal, men mange valde å bøye dei regelrett med -ar, -ane. For å forenkle gav vi desse verba valfri fleirtalsbøying i 2012.
– Nokre norske forfattarar skriv Norge i nynorske tekstar, har eg sjølv lest.
– Eg veit det, men det har aldri vore lov i offisiell rettskriving. Noreg har heile tida vore eineform. Det er eigentleg fint at landet har to namn, for då er det synleg for alle at vi også har to norske målformer.
Legg bort ordlista, les og skriv!
Aud Søyland er oppteken av skriftspråket si utvikling. Ho ber gjerne Språkrådet om å ta stilling til ord ho synest bør vere tillatne i nynorsk. For eksempel er antal og andel nå godtekne som nynorske ord.
– Vi har ikkje dei store problema i Noreg, når folk ikkje har anna å fyre seg opp over enn at dei ønskjer nynorsk dit pepper´n gror. Vil skriftspråket overleve presset frå Austlandet?
– Eg har tru på at nynorsk har ei framtid. Mange kjenner nynorsk som sitt hjartespråk, nynorsken står sterkt i det offentlege, og når du nemner Austlandet, så står nynorsken ganske sterkt i dalføra i Telemark, Buskerud og Oppland.
– Tips til opplæringa av elevar i ungdomsskolen og videregåande?
– Les mykje nynorske tekstar, og skriv mykje, utan å sjekke alt i ordlista.