Efterat vort Fædreneland atter er blevet frit og selvstændigt, maa det være os magtpaaliggende at bruge et selvstændigt og nationalt Sprog, eftersom dette er en Nations fornemste Kjendemærke.
Ikkje mange unge eller vaksne i dag har eit forhold til Ivar Aasen. Bondesønen og læraren frå Ørsta i Møre og Romsdal blir likevel rekna som nynorskens far. Han blei fødd i 1813, året før Noreg braut unionen med Danmark og fekk si eiga grunnlov. Ein ung Aasen følgde med i kulturdebatten og var farga av tankane i nasjonalromantikken. Han hevda at vårt «Nationalsprog ble oppbevart og dyrket i Bondens hytte, i vore Daler og paa vore Strande.»
Stoppa i over 200 kommunar
Vi kan og setje det på spissen og hevda at utan Aasen ville Noreg vore eit språkfattig land. På denne tida, for drygt 200 år sida, budde det rundt 900.000 i landet. Nå er talet over 5,2 millionar. Kun ein liten koloni – eliten med høgare utdanning – snakka og skreiv dansk. Majoriteten var gardbrukarar og fiskarar og budde langs kysten og i bygder. Dei fanga fisk og gravde i jorda. For desse var dansk framand. Dei snakka dialekt utvikla frå gammalnorsk og skjøna ikkje eit plukk dansk. Det var språklege og sosiale klasseskiller i Noreg.
Til fots
Aasen var merksam, nysgjerrig, og irriterande grundig. Nå, som ekteskapet med Danmark var over, såg han som si oppgåve å ta dei norske dialektane på alvor. Fleire vil nok meine at sunnmøringen var ein rar og sær fyr. I 1842 la han ut på ei lang granskarferd, 29 år gamal. Språkreisa vara fram til 1846.
Han gjekk langs kysten og tråla fleire dalstrøk i jakta på ulike prøver frå dei mange og ulike talemåla. Kvar sommer frå 1847 var han på fotturar til plassar i landet han ikkje hadde besøkt tidlegare. Reisene utgjorde nær 27.000 km.
I Kristiania, kor han busatte seg, jobba han systematisk med funna frå innsamlinga og utarbeidde ei skriftleg samling av alle dialektane. I 1864 gav han ut Norsk Grammatikk, og Norsk Ordbog ni år seinare. Dei danna grunnlaget for «Aasen-normalen.» Ivar Aasen fekk stipend og blei ære for sitt arbeid.
Noreg hadde nå fått eit landsmål, tufta på talemåla. I 1929 blei namnet endra til nynorsk.
Fakta
Ivar Aasen. Yrke: språkforskar og diktar. Fødd: 1813 i Ørsta på Sunnmøre. Død: 1896 i Kristiania