I år er det 100 år sidan Stortinget vedtok det språkforskarar meiner er den viktigaste rettskrivinga i norsk språkhistorie.
KRISTIANSAND: 1917-reforma omfatta både riksmålet og landsmålet, målformene som i 1929 fekk namna bokmål og nynorsk.
– Det er den viktigaste rettskrivingsreforma vi har hatt – av to grunnar, seier språkforskar og tidlegare leiar av Språkrådet Sylfest Lomheim og forklarer:
Stor valfridom
– Det starta med 1907-reforma, men den endelege overgangen frå dansk til norsk skriftspråk fekk vi i 1917. I tillegg blei dei to målformene (landsmål og riksmål) sidestilt. Stortinget ville ha større valfridom og innførte både obligatoriske og valfrie former.
Ifølgje Lomheim var det djuptgåande motsetnader, særleg var riksmålsrørsla i harnisk over valfridomen. At bro kunne skrivast bru, hadde dei mest konservative vanskar med å akseptere. For tilhengjarane av landsmål var reforma oppløftande. Ei røys med skulekrinsar gjekk over til landsmål som skulemål.
– 1907 var halvvegs
– Det kjem an på kven du spør, men eg vil seie at vi i 1917 fekk den viktigaste språkreforma, for det som blei starta i 1907 blei no fullført. Den reforma var litt halvvegs. Ti år seinare gjekk vi enda lenger, hovudsakleg med dei valfrie formene. Terminologien var derimot veldig forvirrande, seier språkforskar Ernst Håkon Jahr og forfattar av boka Språkplanlegging og språkstrid.
Radikale riksmålsendringar – dei valfrie – ble tekne i bruk over heile landet.
Samnorsk
– 1917-rettskrivinga tok steget lengst, så det var nok den viktigaste av fleire reformer på 1900-talet. Den var faktisk starten på samnorskprosjektet. Begge målformene blei revidert samtidig, og dei blei jenka med tanke på eit framtidig felles skriftspråk, fortel språkforskar Arne Torp.
– Korleis blei ho motteke?
Hamsun klaga
– Det var litt forskjellig. Det blei i alle fall eit forferdeleg ramaskrik, kor Knut Hamsun var den som skreik høgast. Men Hamsun oppfatta ikkje at det var valfrie former. Motsett var landsmålleiren rimeleg fornøgde. I 1917 blei i-målet likestilt med –a, til dømes husa og husi, seier Torp.
Nokon endringar i 1917-rettskrivinga:
Riksmål (obl.)
Dobbel konsonant etter kort vokal: takk, rygg.
ll og nn for ld og nd: Fjell for fjeld, mann for mand.
Riksmål (valfrie)
Bru, tru, golv ved sida av av bro, tro, gulv.
Landsmål (obl.)
Stum d blei fjerna.
Brei, li for breid og lid
Landsmål (valfrie)
Sterke hokjønnsord kunne ha endinga –a i bunden form ved sida av –i (sola og soli)