Substantiv
Mange elevar slit med kva ending dei skal bruke. Ordklassa substantiv er namn på noko eller nokon. Bruk artiklane ein, ei, eit framfor substantivet. Kva seier du i dialekta di?
HANKJØNN (ein)
| akkurat den | fleire | alle | |
| Hovudreglen er i fleirtal – ar og -ane | |||
| skule | skulen | skular | skulane |
| fot | foten | føter | føtene |
| Unnatak: Vokalskifte når rotvokalen endrar seg. Desse orda følgjer reglen for hokjønn i fleirtal (-er/-ene) | |||
HOKJØNN (ei)
| akkurat den | fleire | alle | |
| Hovudreglen er i fleirtal – er og -ene | |||
| pipe | pipa | piper | pipene |
| melding | meldinga | meldingar | meldingane |
| Unnatak: Ord som endar på –ing følgjer reglen for hankjønn i fleirtal (-ar/-ane) | |||
INKJEKJØNN (eit)
| akkurat det | fleire | alle | |
| område | området | område | områda |
| Hugs 1-3-reglen. Det vil seie at ubunden eintal (1) og ubunden fleirtal (3) er like. | |||
Svake verb
Det finst ei rekkje verb som er svake. Dei uttrykkjer handling. Verb har infinitivsmerket å framfor seg.
a-verb
| infinitiv | presens (nå) | preteritum (i går) | presens perfektum |
| å handle | handlar | handla | (har) handla |
| å sykle | syklar | sykla | sykla |
| å snakke | snakkar | Snakka | snakka |
| Tips: Ta dialekttesten. Dei verba som endar på –a om det du gjorde i går, er oftast a-verb.
a-verb sluttar ALLTID på -ar i presens. |
|||
e-verb
| infinitiv | presens (nå) | preteritum (i går) | presens perfektum |
| å hjelpe
å prøve å høyre å greie |
hjelper
prøver høyrer greier |
hjelpte
prøvde høyrde greidde |
(har) hjelpt
prøvd/-t høyrt greidd |
| j-verb
å fortelje |
Inga ending |
fortalde |
fortalt |
| fortel | |||
Hugsereglar:
Eks. å hjelpe har stammen hjelp, som endar på P
Eks. å leve har stammen lev, som endar på V.
Eks. å greie – greidde |
|||
e-verb
Nokre har ein stamme som endar på -enn eller -(m)m. Desse verba har valfri ending i fortid -de el. -te.
| å kjenne | kjenner | kjende el. kjente | kjent |
| å tenne | tenner | tende el. tente | tent |
| å rømme | rømmer | rømde el. rømte | rømt |