Reglar

Substantiv

Mange elevar slit med kva ending dei skal bruke. Ordklassa substantiv er namn på noko eller nokon. Bruk artiklane ein, ei, eit framfor substantivet. Kva seier du i dialekta di?

HANKJØNN (ein)

akkurat den fleire alle
Hovudreglen er i fleirtal                 – ar og -ane
skule skulen skular skulane
fot foten føter føtene
Unnatak: Vokalskifte når rotvokalen endrar seg. Desse orda følgjer reglen for hokjønn i fleirtal (-er/-ene)

 

 

HOKJØNN (ei)

akkurat den fleire alle
Hovudreglen er i fleirtal – er og -ene
pipe pipa piper pipene
melding meldinga meldingar meldingane
Unnatak: Ord som endar på –ing følgjer reglen for hankjønn i fleirtal (-ar/-ane)

 

 

INKJEKJØNN (eit)

 akkurat det fleire alle
område området område områda
Hugs 1-3-reglen. Det vil seie at ubunden eintal (1) og ubunden fleirtal (3) er like.

 

Svake verb

Det finst ei rekkje verb som er svake. Dei uttrykkjer handling. Verb har infinitivsmerket å framfor seg.

a-verb

infinitiv presens           (nå) preteritum           (i går) presens perfektum
å handle handlar handla (har) handla
å sykle syklar sykla sykla
å snakke snakkar Snakka snakka
 Tips: Ta dialekttesten. Dei verba som endar på –a om det du gjorde i går, er oftast a-verb.

a-verb sluttar ALLTID på -ar i presens.

 

e-verb

infinitiv presens  (nå) preteritum           (i går) presens perfektum
å hjelpe

å prøve

å høyre

å greie

hjelper

prøver

høyrer

greier

hjelpte

prøvde

høyrde

greidde

 (har) hjelpt

prøvd/-t

høyrt

greidd

j-verb

å fortelje

Inga ending  

fortalde

 

fortalt

fortel

 Hugsereglar:

  • FLaSKePoSTaR – om stammen i verbet endar på ein av dei utheva konsonantane, skal verbet ha – te i preteritum.

Eks. å hjelpe har stammen hjelp, som endar på P

  • V-DaG – om stammen i verbet endar på v, d, g i stammen, får verbet –de i preteritum.

Eks. å leve har stammen lev, som endar på V.

  • Diftong. Verb som har – øy i seg, endar på –de i preteritum. Eks. å køyre – køyrde.
  • dde-ending. Det gjeld dei orda kor stammen endar på vokal.

Eks. å greie – greidde

e-verb

Nokre har ein stamme som endar på -enn eller -(m)m. Desse verba har valfri ending i fortid -de el. -te.

å kjenne kjenner kjende el. kjente kjent
å tenne tenner tende el. tente tent
å rømme rømmer rømde el. rømte rømt