– Du blir betre i norsk med nynorsk

Det er ingen grunn til å lyse fred over minnet til nynorskopplæringa i skulen på mange tiår enno.

Kristiansand/Tromsø: Tvert om hevdar språkprofessor Sylfest Lomheim frå tjukkaste nynorskland – Sogn og Fjordane på Vestlandet – at sidemålsopplæringa i grunnskulen og på videregåande er til elevane sitt beste i norskfaget. Lomheim ristar på hovudet over motstandarane, som han meiner ikkje veit kva dei snakkar om. Bølga av kritikk kjem hovudsakleg frå sentrale strøk på Austlandet. Til dømes Høgre-folk.

Sylfest Lomheim. Foto: Frode Lindblom

– Det har alltid vore stor motstand mot nynorsk, heilt sidan vi hadde landsmål og dansk. Fleirtalet, dei som ønskjer sidemålet fjerna, er proppfulle av fordommar, seier Lomheim og er ikkje imponert over argumenta deira.

– I skulen slit mange elevar med bokmål. Er det ikkje då eit poeng å la dei slippe vurdering i sidemål?

– Dei som strevar på skulen vil gjere det uansett. Lite tyder på at svake elevar blir betre i norsk med kun bokmål. Dette handlar ikkje om bokmål eller nynorsk. Elevar med opplæring i begge målformer blir sjølvsagt betre i norsk. Det er det forska på i fleire år. Språkleg variasjon gir betre språkmeistring. Ironisk nok, når Høgre talar om kvalitet i skulen. Partiet veit ikkje kva dei snakkar om, påstår Sylfest Lomheim.

Øystein A. Vangsnes. Foto: Stig Brøndbo, UiT

På Universitetet i Tromsø sit professor i nordisk språkvitskap Øystein A. Vangsnes. Hausten 2015 publiserte han saman med to andre ein studie om gevinsten av tospråklegheit i grunnskulen. Dei tok føre seg resultata i nasjonale prøvar i lesing, engelsk og rekning blant 240.000 personar. Resultata blei så justert etter sosioøkonomiske forhold, før dei undersøkte effekten av målform. Prøveresultata var betre enn forventa i kommunar med meir enn 50 prosent nynorskelevar.

 

– Vi fann ut at denne elevgruppa gjer det betre på nasjonale prøver. Effekten var signifikant, og den er større enn til dømes effekten av å vekse opp med begge foreldre i same hus eller å ha ei yrkesaktiv mor.

Og kvifor det?

– Elevar i nynorskområde er i en viss forstand tospråklege. Hovudmålet deira er nynorsk, og samstundes blir dei «bada» i bokmål. Det gir ein positiv språkleg og kognetiv effekt. Elevane får breiare språkstimulering, meiner Øystein A. Vangsnes.

Om presset for å fjerne vurderinga i sidemål, seier han:

– Høgre snakkar om ein norsk kulturkanon som tek vare på og løfter fram vår kulturarv. Samstundes angrip partiet sidemålsundervisninga i skulen. Det ligg ein motsetnad i det.

Les også: http://www.aftenposten.no/meninger/sid/A-lare-seg-et-annet-skriftsprak-er-ikke-en-ulempe-Det-er-en-enorm-fordel–Hannah-Nygaard-17-615653b.html