Tidligare leiar av Språkrådet, Sylfest Lomheim, har snakka nynorsken si sak i alle år. Nå er han for ein karakter i norskfaget.
Kristiansand: Norsk i skulen er omfattande med tre karakterar. I dag får elevane skriftleg vurdering i hovudmål og sidemål og ein munnleg vurdering. I nye læreplanar blir dei truleg slått saman til ein karakter.
– Eg ser ikke noko gale med ein karakter i norsk, men elevane må ha vurdering i skriftleg arbeid i begge målformer, og det vil ikkje nynorsk tapa på, seier Sylfest Lomheim.
Han trur ikkje alle vil like at han seier det. Til dømes Noregs Mållag. Mållaget arbeider for å fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet, og at folk i bygd og by skal velje og ta i bruk det nynorske skriftmålet.
– Mållaget er ikkje einig. Vi ønskjer ein karakter i hovudmål og ein i sidemål, slik det har vore i mange år, seier leiar Magne Aasbrenn. Han har jobba fleire år som lærar.
– Trur du lærarane vil vekte hovudmål og sidemål likt om det blir ein norskkarakter, Lomheim?
– Eg meiner ein karakter i norsk vil gi faget meir status og ryddigheit. Då blir ikkje bokmål og nynorsk sett på som viktigare enn det andre. Det blir meir reinhårig, og vil vere ein inndirekte styrking av faget norsk, hevdar Sylfest Lomheim.
– Du er altså ikkje redd nynorsk blir tona ned, men jobben til lærarane blir den same?
– Det blir ikkje mindre retting, for det går ikkje an å bli god i eit ferdigheitsfag som norsk utan tilbakemelding. I matematikk er det enklare. Viss politikarane verkeleg vil ta kvalitet i skulen på alvor, må norsklæraren få andre undervisningsvilkår. Rettebyrda er stor.
Skuleåret 2016/17 er det 76.549 nynorskelevar i grunnskulen (1-10), dei med nynorsk som hovudmål. Det er 160 fleire enn førre skuleår. Men nynorskprosenten går ned.
– Vi må vere på vakt på alle frontar. Med to skriftlege karakterar i norsk, vil det vere tydelegare for elevane kor dei må sette inn støtet. Vi har to likestilte målformer, og då meiner vi det skal vere to karakterar, seier leiar Magne Aasbrenn i Mållaget.
Professor i nordisk språkvitskap, Øystein A. Vangsnes, ved Universitet i Tromsø er skeptisk.
– Det er to hovudutfordringar med å fjerne eigen karakter i sidemål. Den eine er at karaktersetjing er førande for kva som vert vektlagt i undervisninga, og ein risikerer at sidemålsundervisninga vert nedprioritert. Særleg når det gjeld standpunktkarakteren vil dette gi grunn til uro. Den andre er at ein med berre ein karakter ikkje får synleggjort kompetansen i sidemål på vitnemålet for dei formål det trengst til, meiner han.