
Talemålet i Øvre Setesdal visnar bort. På Valle skule er berre nokre få tru mot setesdalsdialekta – Noregs mest særeigne.
Valle: I Valle er talemålet – som ligg ein æva frå skriftspråket – ein stor kulturskatt. Den markerte seg alt ein gong på 1400-talet, og har beheldt mange trekk frå gammalnorsk.
– Setesdalsdialekta står med den eine foten i grava. Ikkje overraskande, fordi fleire dialektar i Noreg er trua og blir erstatta av bymål. Det skjer i ei tid kor det aldri har vore så stor aksept for norske dialekter, samtidig har det heller ikkje vore så mykje dialektdød, seier språkforskar Arne Torp.
I dei tre øvste bygdene – nynorskkommunane Bygland, Valle og Bykle – bur nær 3400 personar. Her er det dei unge som skulle ha bore dialekttradisjonen vidare og trygga framtida for talemålet, som i fleire hundreår har halde stand – utan vesentleg påverknad frå andre språksamfunn i Agder.
Språkforvirra
I Setesdal finst eldsjeler – språkpatriotar – som har gjeve seg sjølv oppdrag med å bevare særtrekk i den heilt spesielle dialekta. Heilt blinde i sitt eige arbeid er dei likevel ikkje. Dei, som andre, opplever no at unge, busette er språkforvirra. Ein såg teikn på ei kystmåltilnærming allereie på 80-talet, da vegane blei utbetra og kommunikasjonen mellom by og bygd auka.
Marit J. Brokke flytta frå Mandal til Valle for 20 år sida. Ho er rektor på den kombinerte 1-10-skulen med 17 årsverk og 102 elevar. Brokke seier dei tilsette legg vekt på kultur og tradisjonar frå Valle i opplæringa, men ho merker ei endring, for setesdalsdialekta er ikkje lenger dominerande på skulen, slik ho ein gong var. Det er litt interessant, dette, sjølv om eg ikkje har ført statistikk, seier Brokke på spørsmål om hennar oppleving av språkkulturen på skulen.
– I personalet vårt er det tre fullblods setesdøler, og blant elevane er det tre kategoriar språkbrukarar: 22 av elevane våre er minoritetsspråklege og har ein annan variant av talemålet. Dernest dei få som er veldig tru mot dialekta, og til slutt dei tospråklege elevane, kor ein eller begge foreldra er frå plassar utanfor Setesdal, til dømes Kristiansand, Mandal eller nabofylket Telemark, forklarer skuleleiaren.
Blei latterleggjort
Aukande til- og fråflytting påverkar alle dialekter. Setesdal er inga unnatak. Unge vaksne søker seg i større grad ut, hovudsakleg som følgje av tilbod, arbeid og utdanning. Nokre liberale språkbrukarar har òg lagt om talemålet bevisst fordi dei ikkje blir forstått.
– Vaksne her oppe har nok tidlegare følt seg latterleggjort i møte med andre språkkulturar. Dette har snudd, vi ser at setesdalsdialekta har blitt ein kuriositet. Setesdøler ses nok på i byen på ein annan måte ein før, meiner Marit J. Brokke.
Ei hovudforklaring til at setesdalsdialekta har vore skjerma mot ytre påverknad er plasseringa. Det er 15 mil mellom dei store kystbyane og dei nemnde fjellkommunane i Agder.
Isolert samfunn
– Talemålet i Setesdal er eit isolert trekk. Dalen var eit av dei mest isolerte bygdesamfunna i Noreg – utan skikkeleg vegsamband. Her var stabile samfunn til langt ut på 1800-talet. Først i 1846 kom det kjerreveg til Valle frå kysten, og dalen opna seg, fortel professor i nordisk språkvitskap ved Universitet i Agder, Martin Skjekkeland. Han trur hovuddraga i talemålet vil overleve.
Ivar Aasen – nynorskens far – var heile tre gonger i Setesdal på sin granskarferd for 170 år sidan. Han var oppglødd over måten folk snakka på. Munnharpespelaren og folkemusikaren Sigurd Brokke er ein av dei som er oppteken av den språklege kulturarven i heimbygda. Hausten 2002 starta han ein språkdugnad. Ord og uttrykk blei først skrivne ned på papir, deretter digitalisert og samla på ein nettstad.
Førespurnader frå skuler
– Vi starta vallemal.no fordi vi såg at norske dialekter var under sterkt press frå bymål, for å vareta dialekta og dokumentere. Vi som har hatt felles samlingar kvar onsdag i 15 år, er siste generasjon som hadde gamle ord friskt i minne. Dette er vårt bidrag til samfunnet, seier Brokke.

– «Dialektdøden» rammar Noreg. Kva tankar gjer du deg?
– Det har vore ei oppløysing av dialekta vår siste 20-30 åra. Forandringa skjer i kvar generasjon, mellom bymål og målet i Setesdal. Om dialekta vår forsvinn, veit eg no ikkje heilt, men vi er optimistar, seier Sigurd Brokke og legg til at dei får mange førespurnader frå ungdomsskuler.
Han kan ikkje vere anna enn framoverbøygd. Visst ikkje kunne eldsjelene kutta sitt engasjement for setesdalsdialekta og lagt ned heimesida.
Eksempel frå setesdalsdialekta, henta frå boka Dialektlandet:
Verb: Eg stende (eg står), me stande (me står).
Dativ: Dæ va saint å dagjæ (det var seint på dagen)
Tallord: Tvei menna (to menn), tvæ kåno (to koner), tvau heus (to hus)